Kaja Haugen er ny fylkeskoordinator i Vestland

– Eg ser fram til å reise rundt i fylket og gjere både ungdom og vaksne meir bevisste rundt doping, seier Haugen.

Spenst Førde 2
Som prosjektkonsulent for Rent Senter har Kaja Haugen reist til mange treningssenter rundt om i landet, som her på Spenst Førde. Foto: Spenst Førde.

Det er Kaja Haugen alt godt i gang med. Denne torsdagen er ho på veg til føredrag for 100 elevar ved Høyanger vidaregåande skule.

– Eg er jo alltid litt spent før eit foredrag som dette. Ein veit aldri heilt kva ein møter, elevgrupper kan vere veldig forskjellige, seier Kaja frå bilen.

Doping kan bli gløymd

Etter fleire forskjellige roller i Antidoping Norge dei siste åra har Kaja Haugen nå tatt over som fylkeskoordinator i Vestland fylke for Tor Helge Myhre, som slutta før sommaren.

Koordinator-stillinga er nå på 50 prosent, Haugen skal i tillegg til den jobbe med Rent Senter-programmet og Dopingkontakten. Sjølv er ho busett i Øygarden og gler seg til å reise rundt i fylket.

– Eg ser fram til å reise rundt i fylket og gjere både ungdom og vaksne meir bevisste rundt doping. Det blir viktig for meg å ikkje berre snakke med ungdom, men med folk i heile lokalsamfunnet som f.eks lærarar, trenarar, tilsette i kommunen og på treningssenter. Det er viktig at ein rustar lokalsamfunnet slik at alle har litt kunnskap og kan vere med på å støtte ungdommar til å ta gode val, meiner Haugen.

Ho trur doping ofte ikkje blir rekna som eit problem.

– Det er mykje snakk om psykisk helse om dagen, men doping kan ofte bli gløymd i den praten. Me ser at doping absolutt kan vere ein del av det og bør bli sett på agendaen.

I fjor var Haugen med på antidopingpatrulje under Ekstremsportsveko på Voss.

Skal vere meir koordinator

Framover kjem Haugen ikkje til å halde like mange føredrag, men i større grad vere ein koordinator for førebyggande arbeid i fylket. ADNO vil også sette inn ressursar der ein ser at doping er eit større problem enn andre stader.

– Me ser at det er ein del miljø der doping er eit større problem enn andre stader, blant anna gjennom tips me får inn. Derfor vil me i større grad prioritere kor me legg inn ein førebyggande innsats, forklarer Haugen.

Ho kjem også til å fylgje opp kommunane, Askøy og Bjørnafjorden som er ein del av Lokal mobilisering-programmet til ADNO. Bidra vil Haugen også gjere inn i kompetansenettverket for lærarar i kroppsøving i Vestland og det er også planer om å gjennomføre programmet Ren trening i Bergen fengsel.

Og føredraget for dei over 100 elevane i Høyanger?

– Det var ei veldig god oppleving. Ein guttegjeng kom bort etter at eg var ferdig og hadde fleire spørsmål. Det set me alltid pris på, seier etter å ha køyrd dei fire timane tilbake til Øygarden.