Konkurrent beklaga dopingbruk til Skjelbreid: – "I had no choice"

Dopingskandalene øydela ein del av idrettsgleda under OL i 2002 for Liv Grete Skjelbreid. Høyr refleksjonane og historiene hennar i denne vekas episode av Antidoping-podden.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Facebook LGS2

Liv Grete Skjelbreid stod ute i løypa da Johann Mühlegg storma inn til eit av sine tre OL-gull, som han seinare skulle miste, i Salt Lake City.

– Me stod berre og måpte. Han gjekk berre og vinka og ropa til tilskodarar og konkurrentar. Det var umenneskeleg, fortel ho i Antidoping-podden 20 år etter.

Høyr Antidoping-podden her eller der du høyrer podkast

Mistanken kom fort

Den tidlegare skiskyttardronninga kom til leikane i USA som storfavoritt. 26-år gamle Skjelbreid hadde tre VM-gull på to år og gjekk frå siger til siger i verdscupen. I OL blei det til slutt to sølv, men dei store dopingskandalene øydela ein del av gleda over idretten.

Da ho og lagvenninnene såg Mühlegg, Larisa Lazutina og Olga Danilova som blei avslørt for doping, i løypa, forstod dei at dette ikkje kunne vere gjort på ærleg vis. Liv Grete begynte å frykte at også mange av konkurrentane hennar juksa seg til medaljar.

– Som utøvar sjølv veit du kva det kostar å gå eit slikt skirenn. Dette kunne ikkje vere normalt. Mistanken kom sjølvsagt. Sjølv var eg i god form og ein rask skiløpar, og såg jo ein del suspekte resultat. Spesielt på langrennstidene. Eg hugsar eg tenkte, kva er det dei gjer for å heve seg så mykje frå verdscupen?

Liv Grete Skjelbreid skal under Beijing-OL jobbe som skiskyttarekspert på radio for NRK. Foto: Privat.

Skaris gull eit stort høgdepunkt

Ei av dei sterkaste idrettsopplevingane frå sidelinja for Liv Grete stammar også frå OL-dagane i høgda i 2002. Før dei russiske langrennsløparane Danilova og Lazutina blei avslørt for doping, klarte nemleg Bente Skari å slå dei to og ta sitt fyrste individuelle OL-gull.

– Den prestasjonen ho gjorde er for meg eit av dei største augeblikka eg har hatt gjennom idretten. Den måten ho gjekk på ski på og råskapen ho hadde. Får nesten gåsehud når eg tenkjer på det nå. Ho viste at det er mogleg å slå utøvarar som juksar med hardt arbeid. Når du jobbar knallhardt sjølv er det demotiverande å sjå at ein kan bli like god av å dope deg.

Konkurrent kom bort og sa unnskyld for doping

Ingen skiskyttarar blei dopingtatt i Salt Lake City. Men mange av dei Skjelbreid konkurrerte mot på den tida, har blitt avslørt for doping i seinare tid. Ei av dei kom bort til Liv Grete etter karrieren og beklaga.

– Ho kom bort til meg og sa unnskyld. Med tårer i augo fortalte ho meg at ho ikkje hadde noko val. "I had no choice" sa ho. Eg hadde god kontakt med denne utøvaren og det vekte mykje kjensler i meg. Det har gjort at eg tenkjer meg om eit par gonger før eg dømmer nokon.

Opplevinga har gjort sitt til at Liv Grete nå ser annleis på dei som blir tatt for doping. Ho har reflektert rundt at det nok ikkje er utøvarane ho bør vere sinna på. Det er heller systemet rundt.

Kjente på mykje skuldkjensle

Ho har gjort seg mange refleksjonar rundt doping og antidopingarbeidet fortel ho oss ved kjøkenbordet i Hålandsdalen. Sjølv er ho spesielt glad at ho kan tenkje tilbake på si eiga karriere og vite at ho har slått dei som har tatt snarvegar. Samtidig veit ho at at det er konkurransar som ho har sett på som heilt perfekte og som nokon av dei aller beste renna i karrieren, der ho ikkje har stått øvst på pallen i etterkant.

– Sjølv kjente eg også på mykje skuldkjensle. Du forstår ikkje resultatlista og begynner å spekulere. Du føler sjølv at du er veldig stygg, fordi du ikkje har bevis. Det var grådig frustrerande og irriterande. Idretten skal vere ein fristad, der ein kan knytte band på tvers av landegrensene.

I Salt Lake City overskugga også dei store dopingsakene til dei tider dei store idrettsprestasjonane. Sju utøvarar blei tatt for doping og det var dei fyrste vinterleikene der utøvarar blei avslørt for EPO-bruk. Fire år før var ikkje det mogleg.

– Det var sjølvsagt kjempeviktig med eit så stort framskritt. At ein så profilert utøvar blei tatt i eit meiserskap, og ikkje lenge etterpå. Det var ei lette for mange. Samtidig tok det vekk fokuset av det fine som skal vere i eit OL. Alle tenkte jo, kven fleire?

Nå er Liv Grete Skjelbreid klar for eit nytt vinter-OL, denne gong som ekspert for NRK frå Oslo. Høyr fleire av historiene og refleksjonane til skiskyttareksperten i Antidoping-podden på Apple podcast, Spotify eller der du høyrer podkast.