Fekk hatbrev da den fyrste norske utøvaren blei dopingtatt

Hans B. Skaset fekk kjenne på stor motstand i idretten da han var med på å bygge opp antidopingarbeidet i Norge. Norsk idrett var ikkje interessert i å avsløre at utøvarar hadde juksa for 50 år sidan.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Skaset bredde
Hans B. Skaset var sentral i utviklinga av det norske antidopingarbeidet i den tidlege fasen. Her frå eit bilde tatt i 1989. Foto: Tore Berntsen/NTB Scanpix

Visste du at Noreg var eitt av dei fyrste landa som tok dopingprøver utanfor konkurranse? Eller at særforbunda fekk varsel om når og kor dopingkontrollar skulle bli gjort på 1970-talet? Og korleis reagerte eigentleg norsk idrett da den fyrste norske utøvaren blei dopingtatt i 1977?

I 2021 har antidopingarbeidet i Noreg 50-årsjubileum. Derfor vil me fortelje historiane bak utviklinga frå 1971 til i dag.

Fekk hatbrev da utøvar blei dopingtatt

Hans B. Skaset er ein av dei som har betydd aller mest for utviklinga av antidopingarbeidet i Norge. 85-åringen har hatt sentrale verv både i norsk og internasjonal idrett, som leiar i friidrettsforbundet, idrettsforbundet og som ekspedisjonssjef i Kulturdepartementet.

I ANTIDOPING-PODDEN fortel han mellom anna korleis det var å handtere den aller fyrste dopingsaka i norsk idrett.

– Det å drive antidopingarbeid i Noreg var jo ingen spøk på 70-talet. Da Knut Hjeltnes blei tatt.. Det var jo ingen forståing på særforbundsnivå, knapt nok i idrettsstyret på at me måtte bruke pengar på antidopingarbeid. Eg tok vare på ein del av hetsbreva eg fekk på den tida. "Kva f... det du driv med? Sett dei beste utøvarane ut av spel", fortel Skaset mellom anna.

Skaset var også med på det me reknar som starten på antidopingarbeidet i Noreg. I 1971 kom idrettsstinget med ein uttaling som sa at ein tok avstand for bruk av stimulerande middel for å auke prestasjonane. To år etter blei dette vedtak som ein del av "Idrettens program for 70-åra".

Har vore banebrytande på uanmeldte kontrollar

Sigmund Loland, professor i idrett og etikk ved Norges idrettshøgskole, er hovudgjesten som tar oss gjennom historia frå 1971 til årtusenårsskiftet i del 1 av podkasten. Han sit også som medlem i WADA sin etiske komite og har gjort det sidan 2004.

Han fortel mellom anna at Noreg var tidleg ute med dopingkontrollar utanfor konkurranse. Det blei vedteke alt i 1979.

Her har nok Noreg vore banebrytande. Og uanmeldte dopingtesting er jo grunnstammen i antidopingarbeidet. Utan uanmeldt testing og "utanfor-konkurransetesting" er jo ikkje antidopingarbeidet verdt noko særleg. Da kan alle positive utslag på dopingtestar lett bli unngått og bli manipulert. Det forstod ein ikkje heilt eller var det ikkje interesse for internasjonalt, på den tida, seier Loland.

Noreg langt framme i dopinganalyse

Fyrste del av historiespesialen av Antidoping-podden tar for seg dei store milepælene og dei store analysegjennombrota i antidopingarbeidet. Sistnemnte er Peter Hemmersbach den som veit aller mest som. Tyskaren som kom til Noreg på midten av 80-talet var leiar av dopinglaboratoriet på Aker i Oslo frå 80-tallet til han pensjonerte seg i 2015, og meiner Noreg heile vegen har vore langt framme i utviklinga.

– Ja, når det gjeld av utføring av dopinganalyse og regelverk så vil eg seie at Noreg har vore langt framme. Det er ikkje noko tvil om at Noreg var i førarsete, saman med fleire andre nasjonar, også vidare inn på 90-talet, fortel Hemmersbach.

Han fortel om OL i München i 1972 som eit av dei fyrste gjennombrota for analysegjennombrota. Da fekk ein effektive metodar og teknikkar som framleis er i bruk i dag, til å analysere stimulerande middel som amfetamin og narkotika. Mot slutten av 70-talet kunne ein endeleg analysere anabole steroider.

– Det tok fart på 70-talet og på slutten av tiåret hadde ein metodane. Anabole androgene steroider blei forbode like før Montreal OL i 1976, men da kunne ein ikkje teste dei så godt, men i 1980 så var teknikken eigentleg utvikla, fortel Hemmersbach.

Peter Hemmersbach og Anders Solheim i forkant av Sotsji-OL i 2014 der Hemmersbach var med på laboratoriet.

Høyr heile historia om korleis antidopingarbeidet har utvikla seg i ANTIDOPING-PODDEN her eller der du høyrer podkast.

Kjelde: Dopingkontroll i Norge. En beskrivelse av Norges idrettsforbunds kontrollvirksomhet i perioden 1977-1995. Marianne Tjørhom. Hovedfagsoppgave i idrett, Norges idrettshøgskole, Oslo 1997.