Lundanes: – Eg seier ifrå fordi eg er glad i orientering og i idrett generelt

Verdsmeister i orientering Olav Lundanes trur ulike formar for juks er eit større problem enn doping i sin eigen sport. I Antidoping-podden fortel han om to forslag som han meiner kan gjere all idrett meir rettferdig.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Facebook OL
Orienteringsløpar Olav Lundanes er ikkje redd for å seie det han meiner er urettferdig i idretten hans og i idrett generelt. 33-åringen ladar nå opp til det han håpar blir ein internasjonal sesong med VM i Tsjekkia i juli som høgdepunktet.

– Det blir jo mykje dritt ein får tilbake, det er det jo ingen tvil om. Når du får mange meldingar på kinesisk og folk truar deg med forskjellige ting, det er jo ikkje noko gøy. Men eg seier jo ifrå fordi eg er glad i orientering og i alle idrettar eigentleg.

Olav Lundanes er med på skjerm frå orienteringshovustaden Halden. 33-åringen fortel oss om kvifor han er nøydd til å seie frå om det han opplever som djupt urettferdig i idretten hans og også i andre idrettar.

Han fortel også om konsekvensane av å seie frå. Det gjer at han forstår godt kvifor meir profilerte idrettsutøvarar vegrar seg for å snakke om doping og andre vanskelege tema offentleg.

Høyr podkasten her

Forstår at profilerte utøvarar ikkje tørr

– Eg hadde nok passa meg vesentleg meir om eg hadde drive ein meir profilert idrett. Da hadde eg hatt mykje meir å tape. Ein kan bli mislikt av sponsorar og tape pengar, så eg forstår godt at dei held lågare profil. Det blir ein anna støy om dei hadde sagt noko. Det er forståeleg, men også synd, seier Lundanes.

Mannen med åtte individuelle VM-gull i orientering er gjest i denne vekas Antidoping-podden. Han er i full gang med oppkøyring til ein ny sesong der han forhåpentlegvis får konkurrere internasjonalt. Men Lundanes er langt ifrå berre oppteken av å prestere med kort og kompass.

Juks er det overordna temaet for samtalen. Lundanes har mellom anna deltatt aktivt i debatten etter to store orienteringsarrangement på kinesisk jord i 2019. I militær-OL blei det etter kvart avdekka grove formar for juks, og utøvarane frå arrangørnasjonen blei diskvalifisert. Arrangøren skal mellom anna hadde lagt til rette for at utøvarane fekk trene i terrenget i forkant. (les meir om saka hos Idrettspolitikk.no)

Lundanes meiner regelbrota er på høgde med det som blei avdekka på det russiske dopinglaboratoriet i Sotsji-OL i 2014.

– Grunnen til at eg samanliknar det med Sotsji-skandalen er at det var så ekstremt gjennomført. Dei merka løypa i skogen, laga snarvegar i kratt og jungel som ingen andre ville ha prøvd seg på, fortel Lundanes.

Vil ha eit WADA for juks

Den siste tida har han fundert kva som må til for å bevege idretten i ein meir rettferdig retning. Ikkje berre i orientering. Han nemner motordoping i sykkel, fluor-debatten i langrenn og Financial fair-play i fotball som eksempel.

– Eg ville hatt eit slags WADA for andre regelbrot. Viss ein hadde fjerna ein del av ansvaret til særforbunda opp til eit høgare nivå, så trur eg me hadde me sett ein meir rettferdig sport. I dei aller tilfella vil særforbunda skyve problem under teppet for å ikkje få negativ merksemd, meiner Lundanes.

Men han har ikkje trua på at det vil skje endringar i løpet av hans karriere.

– Personleg tener eg jo ingen ting på det, ting kjem jo ikkje til å snu i mi karriere. Eg skaffar meg uvener og det tar jo mykje tid og energi. Men ein har jo ein rettferdigheitssans som synest dette ikkje er ok. Derfor føler ein det er verdt å seie frå likevel.

Høyr meir om dette forslaget og Lundanes sitt andre forslag i den siste episoden av Antidoping-podden. Der høyrer du også Sigmund Loland, professor i idrett og etikk ved Norges idrettshøgskole, kommentere desse forslaga og diskutere om kor rettferdig idrett det er mogleg å få.

Podkasten finn du her og overalt der du høyrer på podkast.