Tarjei Bø: – Eg gjer alt eg kan for å støtte opp under ein rein idrett

Skiskyttar Tarjei Bø og tidlegare langrennsdronning Bente Skari er gjester i tredje episode av Antidoping-podden.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Facebook TB
Tarjei Bø snakkar gjerne om doping og antidoping i media, men føler ofte at spørsmåla kjem på dei verste tidspunkta, for eksempel rett før årets viktigaste renn.

Korleis er det eigentleg å konkurrere mot utøvarar ein veit eller har sterke mistanker om at har dopa seg? Tarjei Bø og Bente Skari er to utøvarar som begge har opplevd at sterke konkurrentar har blitt tatt for doping etter mange år. Nokon av dei har også kome tilbake som konkurrentar i sporet etter å ha sona dopingdommen.

Høyr Antidoping-podden her eller på Apple podkast, Spotify, Acast osv.

Trur langrennsporten er reinare nå

Skari var den store langrenndronninga vår på slutten av 90 og starten av 2000-talet. Ho tok fem VM-gull og blei den fyrste norske kvinnelege langrennsløparen som vann OL-gull i Salt Lake 2002. Samtidig konkurrerte på den tida det kom fram flest dopingskandaler i langrennssporten.

– Dei har lurt oss heile vegen. Det var ein enorm skuffelse, fortel Skari om kva ho tenkte da dei største rivalane hennar, Larisa Lazutina og Olga Danilova, blei avslørt for EPO-bruk i Salt Lake City i 2002.

47-åringen trur langrennssporten er langt reinare nå enn han var da ho var på topp.

– Eg trur det er betydeleg betre nå, men heilt reint er det ikkje. Og det veit eg ikkje om det nokon gong kjem til å bli, seier ho i podkasten.

Føler ikkje at utøvarane har nok makt

Skiskyttar Tarjei Bø, med både VM og OL-gull på samvittigheita er tydeleg på at han gjer alt han kan for å støtte opp om kampen for ein rein og rettferdig idrett. Han meiner det viktigaste han kan gjere er å vise at ein kan vinne som rein utøvar.

– Den beste måten å bekjempe doping på er å prestere, å slå dei som dopar seg og vinne med at ein er rein. Det er den beste reklamen for rein idrett. Eg gjer alt eg kan for å støtte opp under ein rein idrett, seier Bø.

Samtidig meiner han at det bør skje meir i antidopingarbeidet i idretten. Sjølv føler han ikkje at utøvarane alltid blir høyrt nok på.

– Eg synest ikkje me har nok makt eigentleg. Dei tilbakemeldingane me utøvarar kjem med gjennom utøvarkomitear, forstår me jo blir bremsa. Eg føler vel at me utøvarar vil ha raskare veg frå ord til handling, seier Bø.

Høyr meir frå både Tarjei Bø og Bente Skari i Antidoping-podden der du høyrer podkast eller via denne lenka.