Grimseth: – Gullvinnar ville selje meg steroidar

Høyr Antidoping-podden der Stian Grimseth fortel om doping i vektløftermiljøet og kva han tenkjer om skandalen som blir rulla opp i idretten hans.

Av Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiver
Facebook SG
Stian Grimseth frå Athen-OL i 2004.

– Eg har sjølvsagt hatt mistanke om at det har skjedd ein del som ikkje skulle ha skjedd opp gjennom. Men dette overgår alt eg hadde sett føre meg og kunne frykte.

Stian Grimseth reagerer sterkt på det som har kome fram i internasjonal vektløfting det siste året. Den tyske dokumentaren "Vektløfternes herre" kom i januar og gav eit bilde på kor omfattande jukset har vore og korleis det internasjonale forbundet har jobba for å dekke over.

Høyr Antidoping-podden her

Fekk tilbod om steroider i junior-VM

Dokumentaren handla om korleis den ungarske presidenten Tamas Ajan har styrt forbundet som generalsekretær og president med jernhand i over 40 år. Dokumentaren avdekka mellom anna høg grad av korrupsjon og hemmeleghald av positive dopingsaker.

Seinare har ein rapport frå Richard McClaren og gransking frå WADA gitt fleire avsløringar. Mellom anna skal utøvarar ha brukt "dobbeltgjengarar" til å avlegge reine dopingprøver.

Stian Grimseth fortel i Antidoping-podden at alt frå junioralder merka han at noko var gale i sporten.

– Det var i mitt fyrste junior-VM på starten av 90-talet. Eg blei nummer seks og på banketten om kvelden kom gullvinnaren bort til meg og ville selje meg steroidar. Det gav meg ein vekkar og eg såg ei side av idretten eg ikkje kjente til. Det var skuffande så klart, fortel Grimseth i podkasten.

Sjølv kjenner han tidlegare president Ajan (trakk seg i vår) godt og var seinast på besøk i Ungarn i februar.

Nå trur han at det er stor sjanse for at idretten han er så glad i blir kasta ut av OL frå Paris i 2024 om ein ikkje viser vilje til gjere store endringar fort.

Høyr fleire historier frå Stian Grimseth, kva han meiner om framtida til sporten og kva som har gått fundamentalt feil i vektløfting i vekas episode av Antidoping-podden. Du høyrer også dagleg leiar Anders Solheim i podkasten som du finn på Apple podkast, Spotify og Acast.