– Viss ein vil finne info om doping finn ein det overalt på SoMe

Studentane Ingrid Varden og Maren Edland fekk i oppgåve å finne myter om doping i sosiale medium. Det var det ikkje vanskeleg å finne.

Av Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiver
Ingrid og Maren
Varden og Edland har begge hatt praksis i Antidoping Norge dei siste tre vekene. Til vanleg studerer dei Sport Management ved Norges Idrettshøgskule.

"Må bruke pre-workout for å kunne få fremgang og ha energi på trening"

"Stoff som er ulovlig i Norge er bare det som funker"

"Sarms er noe helt annet enn anabole steroider, har ingen bivirkninger og fungerer derfor mye bedre"

Det skulle ikkje mykje scrolling til før Maren Edland og Ingrid Varden fann myter om doping på dei forskjellige sosiale medie-kanalane. Dei tre mytene over var gjengangarar på appane TikTok og Jodel.

"Naive" haldningar på Jodel

– Det som me såg var mest avgjerande var dei kanalane der ein kan vere heilt anonym. Da blir terskelen for å stille spørsmål om erfaring av bruk av doping senka betrakteleg, seier dei to studentane.

Dei to andreårsstudentane på studiet Sport Management ved Norges Idrettshøgskole har dei siste tre vekene hatt praksis hos Antidoping Norge.

Ei av oppgåvene dei har hatt har vore å kartlegge kva slags gjentakande myter om doping som eksisterer på sosiale medium. Studentane undersøkte Instagram, TikTok, YouTube, Jodel og diverse nettsider.

– Det er veldig forskjellig kva ein finn på dei ulike plattformene. Det var definitivt mest snakk om dopingmidler på Jodel. Det var det berre spørre og ein fekk svar på det meste ein lurte på om doping, fortel Maren Edland.

Les meir om Sarm her

Mest om kosttilskot på Instagram

Jodel blir brukt mykje av ungdom. Alle er anonyme og ein kan diskutere i ulike kanalar, Edland og Varden undersøkte kanalar som "fitness", "trening" og "vektnedgang". Sjølv brukar dei til vanleg mest Instagram til å følge med på vener og idrettsutøvarar blant anna. I denne oppgåva fekk dei innblikk i ei heilt anna verd.

– Viss ein har motivasjon til å finne informasjon om doping, så finn ein det overalt. Me såg at det var ein del naive haldningar. "Dette funka for meg, så da er det berre å køyre på", var noko som gjekk igjen. Det blir ikkje stilt noko spørsmål om det, seier Ingrid Varden.

På Instagram og TikTok såg dei spesielt etter kva kvinnelege påverkarar la ut om kosttilskot. Dei såg at fleire av kvinnene promoterte ulike leverandørar av proteinpulver og kosttilskot. Eitt eksempel viste at ein påverkar gav ut rabattkode til ein nettside som selde sultdempande tabletter.

– På Instagram fann me absolutt mest om kosttilskot og ikkje så mykje om dopingmidler. Eg trur me hadde funne enda meir for to-tre år sidan. Nå har det blitt strengare reglar for marknadsføring, meiner Varden.

Vil du vite meir om kosttilskot? Les meir her

Dei to er einige om at dei nå kjem til å vere enda meir observante over kva dei ser når dei brukar sosiale medium.

– Eg har allereie lagt merke til mykje meir nå enn eg gjorde før me hadde dette prosjektet, seier Edland.

Eksempel på andre myter som gjekk igjen:

  • «Anabole steroider gjør deg bare sterkere, og har ingen negative effekter.
  • «Kosttilskudd med spreke design er mer attraktive og gir størst
    prestasjonsfremmende effekt.»
  • Hvis man ønsker å minske matinntak er sultdempende-tabletter veien å gå.»

Kva slags bivirkninger kan du få av anabole steroider?