Testar ut papirlause dopingkontrollar

ADNO er ein av dei fyrste antidopingbyråa som får teste ut bruk av nettbrett ved dopingkontrollar. – Vil bli ein stor forbetring for både oss og utøvarane, seier fagrådgjevar Geir Holden.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
IMG 8646
Nettbrett vil forenkle kvardagen til dopingkontrollørar betrakteleg.

Verdas antidopingbyrå (WADA) er i ferd med å fullføre utvikling av papirlause dopingkontrollar. Saman med antidopingbyråa i Storbritannia (UKAD) og Australia (ASADA) er Antidoping Norge dei fyrste til å teste den nye løysinga ut.

Fordel også for utøvarar

I dag blir skjemaet utøvarane fyller ut saman med dopingkontrolløren gjort skriftleg. I etterkant blir det manuelt lagt inn i datasystemet ADAMS. Med det nye systemet på plass vil ein fylle ut desse opplysningane digitalt rett inn i systemet på sjølve dopingkontrollen.

– Dette er eit viktig steg framover for kunne bruke teknologi som er tilgjengeleg for å effektivisere og heve kvaliteten på dopingkontrollprosessen, seier fagrådgjevar, Geir Holden.

Utøvarane vil også kunne merke det nye digitale systemet.

– Fordelen for meldepliktutøvarane er at det kjem til å ta kortare tid før dei kan gå inn og sjekke eigne prøvesvar i ADAMS. Dei vil også motta ein kryptert e-post med kopi av dopingkontrollskjemaet i etterkant, fortel Holden.

Usikkert når det blir tatt i bruk for fullt

Antidoping Norge har nå kjøpt inn nettbrett og har begynt å teste det nye verktøyet internt. Tilbakemeldingane ein etter kvart får frå utprøvinga og sender vidare til WADA blir viktige.

– Me ser fram til å teste ut betaversjonen av denne appen og gje tilbakemeldingar til WADA på kva som fungerer bra og kva ein bør utvikle vidare, seier Holden.