Skjeldal etter antidopingseminar: – Viktig informasjon å få vidare til ungdom

Idrettslærar og tidlegare langrennsløpar Kristen Skjeldal deltok på ADNOs fylkesseminar på Voss. Etterpå sat han igjen med mykje kunnskap han vil formidle vidare til elevane sine.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
9 H5 A3030
Tidlegare langrensløpar Kristen Skjeldal er busett på Voss og er lærar ved Voss gymnas. Foto: Ingerid Jordal

– Det er eit stort tema, alvorleg, men viktig. Veldig fint for meg å vere til stades.

Kristen Skjeldal har akkurat gått ut i vårsola i heimbygda Voss etter fire timars påfyll med antidoping. Den tidlegare langrennsløparen med OL-gull på merittlista jobbar nå som idrettslærar på Voss gymnas med talentfulle langrennsløparar og skiskyttarar.

Fekk eit breiare perspektiv på doping

Denne torsdagen hadde han og rundt 40 andre sett av til antidoping i kalenderen. Tittelen "Doping - eit problem i Vestland?" sette tankane i sving i forkant.

Fylkeskoordinator for ADNO i Vestland Tor Helge Myhre har stått bak planlegginga av programmet saman med Voss herad og Vestland fylke. Foto: Ingerid Jordal

Fylkeskoordinator Tor Helge Myhre gav publikum på Voss gamle kino mellom anna ein status for doping som samfunnsproblem i Noreg og Vestland. Kor stort er problemet, kven er i faresona og kva skal ein sjå etter?

Med sin toppidrettsbakgrunn sette Skjeldal pris på å få eit breiare perspektiv på dopingbruk.

– Det gjeld jo absolutt ikkje berre dei som driv med toppidrett. Det er ungdomar, jenter og gutar som strevar med det eine og det andre. Det er viktig å få ut denne kunnskapen og informasjonen slik at ein kan hjelpe ungdomane til å ta gode val, meiner Skjeldal.

– Nyttig dag me vil få bruk for

Vestland fylke og Voss herad var medarrangørar av denne dagen. Nils Helge Kvamme, rådgjevar for kultur og fritid trur dagen var svært nyttig for dei mange deltakarane frå kommunen.

– Det er jo eit tema ein ikkje snakkar om til dagleg. Av tilbakemeldingane her verkar det som om det har vore ein veldig nyttig dag som dei kjem til å få bruk for i jobb med ungdom, seier Kvamme.

Dagens arrangørar: Frå Voss herad, Vestland fylke og Antidoping Norge. Foto: Ingerid Jordal

Han trur spesielt delen om kosttilskot var svært opplysande for dei oppmøtte.

– Me veit jo at bruken av kosttilskot blant unge her er stor. Da er det interessant å få lære om risikoen rundt det og grensegangane mellom lovlege og ulovlege middel, seier Kvamme.

I salen var det mellom anna kommunepsykologar, helsesjukepleiarar, lærarar og tilsette frå treningssentera i bygda.

Viktig å vite korleis ein skal formidle

Skjeldal har sjølv kjent konsekvensane av doping i toppidretten på kroppen. Han fekk bronsemedalje i etterkant av Salt Lake-OL i 2002, etter at Johann Mühlegg blei tatt for EPO.

Han trur skiungdomane han trenar har eit veldig bevisst forhald til doping, men at dei likevel treng informasjon og kunnskap.

– Absolutt. Eg føler meg trygg på at dei har det i ryggmargen at noko er ulovleg. Men så har du det som er i gråsona. Kosttilskot, medisinbruk . Dett er noko me må passe på og informere om. Derfor var det veldig interessant å få "input" på korleis ein kan formidle dette til ungdom på ein god måte, seier Skjeldal og sikta til Morten Heierdals avsluttande innlegg.

Med tittelen "Korleis snakke med ungdom om doping?" gav han deltakarane innblikk i korleis trendane har utvikla seg og kva ungdom han snakkar med på Dopingkontakten og foredrag er opptekne av.

I salen var det mellom anna kommunepsykologar, helsesjukepleiarar, lærarar, treningssentertilsette og idrettsleiarar. Foto: Ingerid Jordal