Over 7000 avspelingar av Antidoping-podden

I sitt fyrste år har Antidoping Norges podkast hatt gjester som Tarjei Bø, Emilie Moberg, Stian Grimseth og Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Morten og Emilie
Toppsyklist Emilie Moberg og ernæringsrådgjevar i Olympiatoppen, Morten Mørland gjesta Antidoping-podden og programleiar Gjermund Erikstein-Midtbø tidlegare i haust.

Kanskje har du litt ekstra tid til podkast i romjula? I podkastappen du brukar (Spotify, Acast, Apple podkast osv) ventar 10 episodar med spennande gjester og tema frå antidopingverda på deg.

Du finn også alle episodane her.

Episoden om "steroidebrukeren" mest populær

Sidan Antidoping-podden blei lansert tidleg i juni har me publisert ti episodar. Over 7300 gonger har episodane blitt lasta ned. Og den mest populære episoden er om den tidlegare steroidebrukaren Joachim som klarte å slutte etter åtte år, som nærmare 1400 har fått med seg.

Kanskje er det ein episode du ikkje har fått med deg?

  • Hvilken idrett kommer vi tilbake til etter korona? Gjester: Karoline Bjerkeli Grøvdal, Vebjørn Rodal og Rune Andersen.
  • Treningspause - en motivasjon for doping? Gjester: Personleg trenar Erlend Vada og psykolog Svein Øverland.
  • Å konkurrere mot dopingtatte utøvarar. Gjester: Bente Skari og Tarjei Bø.
  • Åtte påstander om doping: Myte eller fakta? Gjester: Per Thorsby, lege og medlem i medisinsk fagkomite i ADNO og rågjevar i ADNO, Siri Bynke.
  • Lahti-skandalen, Johann Mühlegg og hvordan rydde opp i russisk doping. Gjest: Rune Andersen, tidlegare spesialrådgjevar i ADNO.
  • Joachim brukte anabole steroider i over åtte år: Gjester: Joachim, tidlegare steroidebrukar og Christine Wisløff, prosjektleiar i Steroideprosjektet.
  • Trenger jeg kosttilskudd? Gjester: Toppsyklist Emilie Moberg og ernæringsrådgjevar ved Olympiatoppen, Morten Mørland.
  • Den store vektløfterskandalen. Gjester: Stian Grimseth, tidlegare utøvar og president i det norske vektløfterforbundet og Anders Solheim, dagleg leiar i ADNO.
  • Seefeld-skandalen og varsling i idretten. Gjester: Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Anders Engen, etterforskar i ADNO.
  • Korleis snakke om doping på treningssenter? Gjester: Kent Roger Engdal, dagleg leiar Spenst Førde og Kaja Haugen, prosjektkonsulent i ADNO.