Jacobsen: – Me må tenkje meir på kva som er mistenkeleg oppførsel

Astrid Uhrenholdt Jacobsen gjestar Antidoping-podden for å snakke om Seefeld-skandalen snart to år etter, og kva ho meiner utøvarar bør kunne bidra med i antidopingarbeidet.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Facebook AUJ
Astrid Uhrenholdt Jacobsen tok sølv saman med resten av kvinnelaget på stafetten i Seefeld-VM i 2019. Men ein dopingskandale sette ein stor skugge over VM-dagane i alpebyen.

I Seefeld i 2019 var Astrid Uhrenholdt Jacobsen ein del av ein svært suksessfull norsk VM-tropp. Midt i meisterskapet hadde den norske langrennstroppen vunne 7 av 8 moglege gull og det var stort sett berre solskin og gulljubel i alpelandsbyen.

Men før starten på 15 kilometeren for herrene begynte ryktene om ein politirazzia å gå i VM-byen. Fem løparar dukka aldri opp til start på distansen.

Høyr Antidoping-podden: Seefeld-skandalen og varsling idretten med Astrid U. Jacobsen

Ville vite mest mogleg

– Når noko sånt skjer blir det vanskeleg å ikkje følge med. Me ville vite meir. Me prøvde å finne ut om det var nokon av oss som var gode nok i tysk til å skjønne kva som blei skrive i tyske og austerrikske medier. Det var eit stort behov for informasjon, fortel Jacobsen i Antidoping-podden.

Fem løparar blei avslørt for dopingbruk og ni personar rundt dei blei pågripne i den nemnte razziaen. Etter kvart begynte også videoen av austerrikaren Max Hauke, avslørt med nåla i armen å sirkulere.

I denne episoden av Antidoping-podden er etterforskar i Antidoping Norge, Anders Engen, med og fortel det han veit om etterforskinga. Engen er ein av dei som veit aller mest om Seefeld-skandalen gjennom fleire møte med etterforskarane i politiet i Austerrike.

Bør varsle om ein har dårleg magekjensle

Etterforskarane i Antidoping Norge bidrog også med tips dei hadde fått rundt dei pågripne utøvarane og støttepersonellet frå verdscuprenn i Noreg.

Den nyleg pensjonerte langrennsløparen synest det er tankevekkande at dopingbruken foregjekk like ved dei også i Noreg.

– Det er på ein måte bra at ein har såpass tillit til kvarandre og at ein ikkje går rundt og mistenker kvarandre. Men med dette i minnet skal me kanskje begynne å tenkje meir på kva som er mistenkeleg oppførsel eller ikkje. Eg har ikkje tenkt så mykje over i det daglege langrennsutøver-livet. Eg har nok vore meir obs på det som skjer på dopingkontroll, men det er jo kanskje ikkje der jukset skjer.

Ein viktig grunn til at ein klarte å avsløre det som skulle vise seg å vere ein stor internasjonal dopingring, var tips frå varslarar.
33-åringen trur utøvarar som ho kan vere meir merksame på det dei ser og høyrer.

– Me kan ta med oss vidare at me som utøvarar kanskje må lære oss at har me ein dårleg magekjensle eller ser noko ein tenkjer er rart, så er det kanskje betre å seie frå. Det er jo ikkje sånn at nokon blir tatt for noko som ikkje er noko å bli tatt for, seier Jacobsen og viser til Antidoping Norges varslingskanal.

Tips oss om doping

I episoden diskuterer også Jacobsen og etterforskar Engen om ein slik skandale kunne skjedd i Noreg, også med norske langrennsløparar. Du får også høyre om kva Jacobsen håpar å få utrette i idrettspolitikken gjennom rolla si som leiar av Utøvarkomiteen.

Antidoping-podden høyrer du der du høyrer podkast eller her.