Inviterer til antidopingseminar i Innlandet

Er doping et problem i Innlandet? Kva kan du som jobbar med ungdom isåfall bidra med? 6.mai får du svar i Vikingskipet på Hamar.

077 Ruth Velsvik ADN foto Stian 13112017
Over 600 elevar i Innlandet svarte at dei vurderte bruk av ulovlege dopingmidler for å bygge musklar. Det kom fram i Ungdata-undersøkinga i fjor.

Ungdata-undersøkinga i fjor gav fleire urovekkande resultat.

Rundt 100 elevar i Innlandet oppga at dei hadde brukt ulovlege dopingmidler. Over 600 elevar vurderte bruk av ulovlege dopingmidler for å bygge musklar. Og rundt 1000 elevar vurderte å bruke dopingmidler for å gå ned i vekt.

Tala viser at det er behov for kunnskap om dopingbruk for deg som er i kontakt med ungdom i Innlandet.

Vil skape engasjement

6.mai tar Antidoping Norge med seg nokon av dei beste føredragshaldarane på feltet til Vikingskipet på Hamar.

– Vi vil skape engasjement i dei ulike lokalmiljøa. Vi håpar at seminaret kan bidra til å auke kunnskapen om korleis ein kan avdekke dopingbruk og hjelpe personer ut av bruken, forteller fylkeskoordinator i ADNO, Bo Lindblad.

I fjor gjorde studentar ved Høgskolen i Innlandet undersøkingar blant helsesjukepleiarar på helsestasjonane i fleire kommunar i fylket. Resultatet viste at 50 prosent av dei spurte opplever dopingbruk er ei utfordring blant personar over 24 år.

"Det er ei utfordring, fordi altfor mange trur at slikt ikkje er noko problem her. Det er vanskeleg å koma til å få hjulpe dei som treng det" var eitt av svara i undersøkinga.

Meld deg på seminaret her

Program

09:30-10:00 Registrering

10:00-10:10 Velkommen

10:15-10:55 Steroider – det virker, men hva kan bruken føre til?

Christine Wisløff, leder Steroideprosjektet

11:00-11:40 Slik tenker unge som vurderer dopingbruk

Morten Heierdal, Dopingkontakten

11:40-12:00 Pause

12:00-12:40 Hvordan avdekke dopingbruk i 2022 – «Dried Blood Spot» - Ny dopingtestmetode

Daniel Tømmerbakke, Antidoping Norge

12:45-13:25 Hva opplever lokale fagpersoner i sitt område?

Nina Haugen, spesialsykepleier rus og psykisk helse, Vinstra

Carina Morland, leder Hamar interkommunale krisesenter

Lars Nicolaysen, Team Up Helse, Gjøvik

Bo Lindblad, Antidoping Norge

13:25-13:30 Avslutning

13:30 Mingling og stående lunsj

14:00-14:40 Erfaringsutveksling (forbeholdt kommuner med ADNO-avtale)