Signerte avtale med ADNO etter tips om doping i kommunen

Etter å ha fått fleire tips om dopingbruk blant ungdom forstod Bjørnafjorden kommunen at dei måtte ta grep. Nå har dei blitt siste kommune inn i programmet Lokal mobilisering mot doping.

Av Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiver
Slt bjornafjorden antidoping norge 2021 4nov DSC09892
Bjørnafjorden kommune signerte avtala med Antidoping Norge førre veke. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.no.

– Vi kunne ikkje sitje med ein slik kunnskap utan å gjere noko, seier Elin Tuft.

Ho er SLT-koordinator (samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak) i den framleis ganske så nye kommunen. Bjørnafjorden kommune såg dagens ljos i januar 2020, etter at Os og Fusa blei slått saman.

Fekk tips gjennom Dopingvarsel

Den siste tida har både politiet og ADNO fått tips og informasjon om dopingbruk i kommunen med nærmare 25 000 innbyggarar i Midthordland ein drøy time frå Bergen. Informasjonen kom inn til Antidoping Norges varslingskanal, Dopingvarsel.

– Når me får inn tips om bruk av doping er me opptekne av å videreformidle dette til kommunen og tilby kompetansen vår. ADNO ynskjer å gjere kommunen merksam på utfordringane og gje dei kunnskap slik at dei kartlegge dopingbruken i ungdoms- og treningsmiljøa sine. Me opplevde at Bjørnafjorden kommunen tok tak i problemet tidleg, fortel fylkeskoordinator i Vestland, Tor Helge Myhre.

Inger Christine Krath Hansen og Tor Helge Myhre jobbar med Lokal mobilisering mot doping i Antidoping Norge. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.no.

Kommunen hadde også fått signal frå skulane i kommunen om liberale haldningar og god innsikt i dopingtematikken.

Slik kom samarbeidet på plass, og i førre veke blei kommunen formelt ein del av programmet Lokal mobilisering mot doping. Nå håpar Tuft å dra stor nytte av samarbeidet.

Skal bli rusta til å førebygge sjølv

– Eg håpar at vi som kommune får god hjelp av Antidoping Norge på tiltaka vi i styringsgruppa har bestemt oss for å setje i verk. Vi må få kunnskap og vi må læra av dei forebyggande tiltaka Antidoping Norge skal hjelpe oss med. Etter desse to åra i avtala, skal vi vere rusta til å gjere dette arbeidet sjølve. Vi håper sjølvsagt også at vi har fått gjort noko med utfordringane vi står i akkurat no, og at dei forebyggande tiltaka vi no gjer verkar, seier Tuft.

Målet til Antidoping Norge er også at kommunen skal bli sjølvstendige i det førebyggande arbeidet og at dei tilsette skal ha ei kjensle av at dei har kunnskap nok til å agere.

– Skular, treningssenter, idretten og politiet skal i løpet av samarbeidsperioden få noj kunnskap til at dei kan førebyggje på arenaene sine, forklarer Myhre.

Både ungdom, foreldre og tilsette i kommunen skal merke at Bjørnafjorden har blitt ein av dei 15 kommunane i Lokal mobilisering.

– Vi ynskjer å setje fokus på fleire arenaer. Både når det gjeld haldningsskapande arbeid på skulane til elevar, men også at temaet blir tatt opp på foreldremøter. I tillegg vil vi også ha kompetansehevande seminar for tilsette slik at vi er i stand til å møte ungdommane våre med kunnskap om doping og kroppspress. Vi ynskjer også mellom anna å etablere god kontakt med alle treningssentra i kommunen, og sidan vi har idrettsrådet med i styringsgruppa når vi ut til alle idrettslag. Det skal vere synleg at vi mobiliserer mot doping i vår kommune, fortel Tuft.

Les meir om Lokal mobilisering