Etter foredrag med ADNO forstod Nina at ho måtte spørre pasientar om doping

Spesialsjukepleiar Nina Haugen hadde aldri spurt om doping før ho var på foredrag med Antidoping Norge. Nå fortel ho om sine erfaringar etter å ha begynt å spørre om doping, i Antidoping-podden.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Nina vinstra
Nina Haugen har jobba som spesialsjukepleiar i rus og psykisk helse i Nord-Fron kommune, i 11 år.

På eit lite kontor tvers over vegen frå jernbanestasjonen på Vinstra heng det plakatar om doping. "Kjenner du til farene ved doping?" Står det på ei av dei. Ein anna viser to kroppar, ei kvinne og ein mann, med dei ulike biverknadane lista rundt.

For seks år sidan var doping verken tema på plakatane eller i samtalene på kontoret til spesialsjukepleiaren for rus og psykisk helse i Nord-Fron kommune.

Sjekk ut Antidoping-podden: Spør om doping her

Doping blei ikkje nemnt i utdanninga

– Eg fekk verkeleg ei aha-oppleving i det foredraget. Det datt nokre brikker på plass. Eg blei eigentleg overraska over kor uvitande eg hadde vore, fortel Nina Haugen.

Doping blei heller aldri nemnt i utdanninga hennar. På veg heim frå seminaret kjente Nina på kjensla av at ho ikkje hadde klart å gje ungdomane den hjelpa dei hadde hatt behov for. Men med fersk kunnskap begynte ho å spørre om dopingbruk. Heilt direkte.

– Du må tørre å spørre direkte om doping, ikkje gå rundt grauten, seier Nina og fortel om ein samtale ho hadde:

– Det var ein som nekta at han brukte dopingmidler fleire gonger til meg. Han innrømte at han brukte andre rusmidler, men ikkje doping. Eg forstod likevel at han var veldig opptatt av kroppen sin og konfronterte han med korleis han såg ut og han hadde fått større musklar på kort tid. Eg lurte litt på kor han trente og kva han trente, etter kvart så fortalte han om dopingbruken.

– Det kan nok kanskje vere vanskelegare å innrømme dopingbruk enn rusmidler. Kanskje kjennes det som juks at ein har oppnådd kroppen ved å ta ein snarveg.

Anette Gårderløkken er dagleg leiar og einaste faste tilsette ved Fron Trening. Ho er også gjest i episoden.

Godt å ha "Rent Senter" i ryggen

Nina fortel fleire historier som denne i Antidoping-podden, i episoden med namnet "Spør om doping". Under opptaket på Vinstra denne dagen dukka også sosialrådgjevar ved ungdomsskulen, Morten Stubberud og dagleg leiar i kommunens einaste treningssenter, Anette Gårderløkken opp.

Fron trening har akkurat blitt med i Rent Senter-programmet. Som einaste tilsette er Gårderløkken glad for å ha verktøya i programmet å lene seg på.

– Når du er einaste tilsette, er det ingen tvil om kven som har sagt ifrå eller levert inn bekymringsmelding. Derfor er veldig kjekt å ha Rent Senter-programmet i ryggen. Ha ei rettleiing på kva du skal seie og kva du skal gjere, seier Gårderløkken.

Fron Trening er det einaste treningssenteret på Vinstra og eit ferskt medlem i Rent Senter-programmet.

Postmannen er den største langaren

Sjølv om Vinstra er ei bygd med ei drøy time til nærmaste by (Lillehammer) er både sosialrådgjevaren og sjukepleiaren sikre på at dopingmidler er like tilgjengeleg her som i Oslo.

Dei er berre eit par tastetrykk unna.

– Før var det kanskje ein langer som alle kunne namngje, men nå er det nok postmannen som er den største langaren. Dei får tak i og bestiller det meste heim frå nettet, seier Haugen.

Ho merkar også at haldningane har endra seg dei siste åra.

– Før blei ein kanskje meir utstøtt frå gjengen om ein brukte rus eller dopingmidler. Nå verkar det som om venegjengen i større grad godtar det, sjølv om dei nødvendigvis ikkje vil bruke sjølv. Følelsen er at det generelt er meir liberale haldningar blant ungdom.

Må ikkje ha hatt vanskeleg oppvekst

Det har nå blitt seks år der doping har vore eit viktig tema i samtalene på Ninas kontor. Spørsmåla har gitt ho mange historier, erfaringar, kunnskap om ungdom og doping og ikkje minst moglegheiter til å hjelpe. For ho har det vore viktig å borre ned i grunnane til at dopingbruken har begynt.

Forandringsfabrikken undersøkte i 2017 motivasjonen for dopingbruk blant ungdom. Konklusjonen var at dopingbruk ofte handla om å dekke over vonde følelser og hovudgrunnane som motiverte var mobbing, omsorgssvikt, kommentarar rundt kropp frå foresatte og opplevde kriser.

Nina meiner ho kan krysse av for alle boksane for mange, nokon berre på eit par, mens andre ikkje har den bakgrunnen, og berre er nysgjerrige.

– Du må ikkje ha hatt ein vanskeleg oppvekst for å bruke dopingmidler, konstaterer Nina.

Ha tid til å ta i mot

Nå håpar ho at alle som har lignande jobbar som henne vil vurdere å gjere det same. Sjølv om ein nødvendigvis ikkje har den kunnskapen om doping som ein kanskje trur ein treng.

– Det hjelper sjølvsagt å tileigne seg kunnskap, men det er ikkje noko ein må ha for å spørre. Det viktigaste er å ha tida til å ta i mot det som kjem, meiner Nina.

Du får mange fleire gode råd om korleis ein kan spørre og snakke om dopingbruk med ungdom i Antidoping-podden , "Spør om doping", der du høyrer podkast.