Estil mista motivasjonen etter dopingskandalene: – Ein del av flammen i meg døydde

Frode Estil hadde aldri prestert betre i eit meisterskap. Da han kom heim var det ingen som spurte om medaljane han hadde vunne.

Av Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiver
Facebook FE
Frode Estil la opp etter VM i Sapporo i 2007 og fekk med seg totalt fire VM-gull og to OL-gull. To av gullmedaljane fekk han i posten etter meisterskapet.

Endeleg var han i den absolutte verdstoppen. Både i VM i Lahti i 2001 og OL i Salt Lake City året etter fekk Frode Estil ut sitt aller beste når det galdt som mest. Medaljane rann inn.

Trønderen såg fram til å kome heim og nyte at han hadde nådd måla han hadde sett seg som ung skiløpar.

Men etter desse to meisterskapa var det lite rom for å hylle norske skiheltar.

Alt handla om doping.

Såg fram til å suge på karamellen

– Det var meisterskap eg var veldig fornøgd med. Eg såg fram til å suge litt på karamellen og nyte gode dagar da eg kom heim, men alt fokuset var på doping og Johann Mühlegg. Det blir du drittlei av. Det var ein del av flammen inni meg som døydde etter desse meisterskapa, fortel Estil 20 år etter.


Ein av våre aller største langrennsløparar ser tilbake på karrieren "Dei største dopingsvika i dei store skimeisterskapa".
Estil var på sitt aller beste da dopingsakene kom på rekke og rad i langrennssporten. I Lahti i 2001 tok han sølv på tremila som etter kvart skulle drukne heilt i den finske dopingskandalen.

Det var ein skikkeleg rysare som svenskane seier. Eg var berre to tidelar frå gull, men var likevel storfornøgd med å ta min fyrste individuelle medalje. Ingen har vel spurt meg om den tremila i etterkant.

På stafetten nokre dagar etter var han sikker på at han hadde øydelagd gullsjansene da han gjekk fyrste etappe i sin aller fyrste meisterskapsstafett.

Men sølvmedaljen det norske laget gjekk inn til, blei til gull etter at tre av dei finske løparane (seks løparar blei tatt totalt) blei tatt for doping. I OL i Salt Lake City året etter gjekk Estil inn til to sølvmedaljer og gull på stafetten.

På jaktstarten var heilt umogleg å skilje han og Thomas Alsgaard som spurta inn til delt sølv. Da Johann Mühlegg seinare i meisterskapet gjekk i dopingfella og til slutt mista dei tre OL-gulla han tok, fekk Estil sitt einaste individuelle OL-gull i posten.

Fleire år etter.

– Hovuddrivkrafta mi har heile vegen vore idrettsgleda og få drive med det ein synest er det artigaste ein veit. Når det dukkar opp grove tilfelle av juks, så føler ein at litt av meininga med prosjektet fell bort og gleden blir fullstendig borte. Det påverka nok litt av gnisten og motivasjonen til både meg og dei andre som var med i Lahti og Salt Lake, seier Estil.

– Var veldig sårande

Frå skjermen på kontoret på skigymnaset i Meråker kan ein skimte at dette er noko som framleis pregar 48-åringen.

– Nå har eg jo fått ganske solid avstand frå skikarrieren og eg må understreke at eg oppnådde veldig mykje meir enn det eg trudde eg skulle gjere. Men det hadde jo vore artig å bli hugsa for dei gode løpa ein faktisk gjorde og ikkje som han som fekk ein del medaljer i etterkant fordi nokon juksa, medgir Estil.

Sjølv fekk han også kjenne på at tilliten i det norske folk blei prega av dei store dopingskandalene. Etter VM i Lahti svarte heile 1 av 3 nordmenn at dei trudde at også norske langrennsløparar var dopa. Estil hugsar godt korleis det kjentes. Ein stor del av befolkninga trudde at det norske landslaget hadde juksa seg til medaljar.

– Det var veldig sårande. Det var jo også med på å drepe motivasjonen gnisten og motivasjonen til å vere det i sirkuset. Det hugsar eg som veldig tungt.

Skulle hatt større plass i historiebøkene

Dagbladets mangeårige kommentator Esten O. Sæther bidreg også i podkast-episoden som kjem ut like før eit nytt VM på ski. Han meiner Estil skulle hatt ein enda større posisjon i norsk skihistorie.

– Det er det ingen tvil om. Han konkurrerte i ei tid der det var lettare å svindle utan å bli tatt. Estil konkurrerte jo midt i eit sånt type felt. Når han var blant dei reine, vil han automatisk lide. Han hadde fått enda betre resultat om det ikkje hadde vore fordi han konkurrerte midt i den perioden, meiner Sæther.


Antidoping-podden høyrer du her, på Apple podkast, Spotify, Acast og overalt der du høyrer podkast.