Elevar etter ADNO-foredrag: – Det var fleire konsekvensar enn me trudde

Folkehøgskular har blitt ein viktig arena for Antidoping Norge å holde foredrag om doping på. I haust har blant anna Hadeland folkehøgskole fått besøk.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
IMG 1071
Høgre side av salen skulle vere for doping, venstre side var i mot. Begge sider fekk dermed stor støtte frå salen.

Lydnivået er høgt. Applausen stor. Argument blir slått fram og tilbake mellom to panel.

Det blir diskutert for og mot doping på Hadeland folkehøgskole.

Blei delt inn i to lag

– Debatten kjem eg til å hugse best. Det var veldig gøy. Eg var på laget som skulle argumentere mot doping og eg føler me vann debatten. Men me fekk jo sjå fleire sider av saka.

Josephine Huss gliser etter endt debatt. Folkehøgskule-eleven blei plukka ut til å representere delen av gjengen som skulle vere mot doping. Den andre delen fekk beskjed om at dei skulle vere for.

I grupper skulle dei finne gode argument som dei utvalde debattdeltakarane skulle ta med seg på scena.

Debatt
Elevane har blitt delt inn i grupper og planlegg argument til debatten. Josephine Huss (midten) og Jan Erik Ødegaard (lue) er på ei av gruppene som skal vere mot doping.

Foredragsholdar frå ADNO, Bo Lindblad ville at salen skulle oppføre seg som om dei var i det britiske underhuset. Og engasjementet lot ikkje vente på seg.

– Dette er eit tema som interesserer og engasjerer. Det såg me verkeleg i debatten når dei kom med argumenta sine.

Det er ein slik debatt Lindblad ofte avsluttar foredraga sine på folkehøgskular med. Dagen startar med å gå gjennom ulike dopingmiddel, konsekvensar og biverknadar. Fordelar og ulemper med kosttilskot er også eit viktig tema.

Mange hender i vêret under debatten på Hadeland folkehøgskole.

Fekk utdelt ein biverknad kvar

Elevane blir utfordra undervegs både på å reflektere sjølv og bidra i plenum.

Ein gjeng frivillige fekk for eksempel utdelt ein plakat kvar, der det stod ein biverknad som ein kan få av å bruke anabole steroider.

Jan Erik Ødegaard går på linja "Trening motivasjon og kosthold". Han blei overraska over kor mange biverknadar det var.

– Det var meir konsekvensar enn eg såg for meg. Sjølv om folk seier det er trygt å ta, kan det medføre konsekvensar. Eg trur det er viktig å få ein slik gjennomgang for oss som idrettsklasse. Trur ikkje det er så mange som er klare over alle biverknadane, så eg trur mange har lært mykje i dag, seier Ødegaard.

Bo Lindblad er foredragshaldar og fylkeskoordinator i Innlandet for ADNO.

Klassevenninne Josephine Huss hadde same utgangspunkt før besøket frå ADNO.

– Har jo alltid hatt ein ide om at doping ikkje er noko bra. Men etter i dag tenkjer eg også at det er viktig at ein tenker på kvifor folk begynner med doping. Alle har sine grunnar. Og mange treng hjelp. Ein skal ikkje dømme dei, men må vere bevisst på at det har konsekvensar, seier Huss.

Kjem med heilt forskjellige haldningar

Dei siste seks åra har ADNO hatt eit slikt foredrag på Hadeland folkehøgskole. Dei fyrste åra var det berre treningsklassa som deltok, men i år ville rektor ha med heile elevgruppa.

– Det er jo fordi me meiner dette her er utruleg viktig og veldig aktuelt i denne aldersgruppa her. Ulemper, fordelar og biverknadar blir lagt fram på ein veldig god måte, seier rektor Arne Ruste.

Han fortel at han ser elevane på dei fysiske linjene kjem inn med veldig forskjellige haldningar. Nokon er opne om at dei har brukt doping tidlegare, mens andre har aldri tenkt tanken. Andre brukar mykje pengar på kosttilskot.

– Me har jo som mål å endre haldningar. Derfor er det veldig fint at ADNO kjem inn og snakkar om kosttilskot og kor lite vits det er, på vitskapleg grunnlag. Det gjer meir inntrykk enn når me seier det.

Antidoping Norge har satsa ekstra på foredrag for folkehøgskular det siste året. Det ser foredragshaldar Bo mange gode grunnar til. For eksempel i pausene og i etterkant av foredraga han har.

Mange elevar hadde spørsmål til foredragshaldar Bo i pausene.

Viktig målgruppe

Han blir ofte ståande igjen med eit par elevar utanfor foredragssalen. Mange sit med spørsmål eller vil diskutere det dei har høyrt.

For Bo viser det at dette er ei spesielt viktig målgruppe å møte.

– Desse elevane har nettopp flytta heimafrå. Dei skal stå på eigne bein og får plutseleg masse fridom. Me veit også at dopingbruk i Noreg ofte begynner i 19-årsalderen, iallfall om me ser i samfunnet, seier han og legg til:

– Dei må nå ta eigne val, og dei vala kan bli veldig vikte vala i korleis det skal gå framover.