– Dopingsaker treff hardare i Noreg enn i mange andre land

Del 2 av podkasten om 50 år med antidopingarbeid i Noreg tar blant anna for seg dei største dopingsakene. Sigmund Loland, Niels Kiær og Valgerd Svarstad Haugland er gjester.

Av Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiver
Kapittelforside kommunikasjon og administrasjon ny
Niels R. Kiær møter pressen etter høringen i dopingsaken mot Therese Johaug i januar 2016. Foto: NTB

Antidoping Norge markerer 50-årsjubileet til antidopingarbeidet i Noreg ved å dykke ned i historia til arbeidet i to podkast-episodar.

Del 1:
Blodprøver i søpla, varsla dopingkontrollar og store analysegjennombrot

Del 2 er nå ute her og der du høyrer podkast og har mellom anna fokus på dei største dopingsakene.

Ei av dei er dei to sakene som rysta Idretts-Noreg under OL i Sydney i 2000. Da testa vektløfter Stian Grimseth og brytar Fritz Aanes begge positivt på stoffet nandrolon.

Dopingsaker førte til debatt

– Dette var saker som me etter kvart fekk vite kom av forureina kosttilskot, men det var likevel ei stygg ripe i lakken til norsk idrett. Det blei reagert veldig sterkt på dette og dopingsaker treff nok hardare i Noreg enn i mange andre land. Det er ei heilt anna haldningsverd her. Det betyr også at det å teste positivt for ein norsk utøvar er ein katastrofe. Og nesten ein katastrofe som blir fullstendig urimeleg, seier professor i idrett og etikk, Sigmund Loland som bind historia saman i episoden.

Sigmund Loland er professor i idrett og etikk, og idrettsfilosofi ved Norges idrettshøgskole. Han sit også i WADA sin etiske komite.


Han fortel at dopingsakene likevel kanskje bidrog med noko positivt.

– Det førte til ein tydeleg prinsippdiskusjon om sjølvstende til antidopingarbeidet i Noreg, seier Loland.

Valgerd Svarstad Haugland var kulturminister i tida etter dopingsaka i Sydney og opp mot stiftinga av Antidoping Norge i 2003, og deltek også i Antidoping-podden.

– Etter desse sakene såg ein at det å ha eit organ som står fritt og ikkje var bunden opp til idrettsorganisasjonene var viktig. Poenget var å få ein organisasjon som kunne ta vare på rettsikkerheita, følgje regelverket og ikkje vere så involvert i utøvarane som idrettsorganisjonane var, fortel Haugland som var Antidoping Norges andre styreleiar frå 2011 til 2018.

Gjester i Antidoping-podden
Valgerd og Niels i studio på Ullevaal stadion

Kiær har vore med sidan Andersen i 1991

Niels R. Kiær er den siste gjesten i episoden og er nok den som veit aller mest om dopingsakene som har vore i norsk idrett. Han har vore advokat i påtalenemnda til Antidoping Norge i ei årrekkje (og før det idrettsforbundet) og hadde sin fyrste sak tilbake i 1991.

– Det var kulestøytaren Georg Andersen (den fyrste norske utøvaren som mista ein medalje på grunn av dopingbruk) som testa positivt for anabole steroider og det blei definitivt ein stor sak. Det viser seg at alle dopingsaker som involverer profilerte utøvarar blir av dei viktigaste sakene i media. Det er full dekning overalt og ikkje berre i sportsseksjonane, fortel Kiær.

I episoden går Kiær gjennom og fortel om dei største dopingsakene han har vore med på. Frå Georg Andersen, til Aham Okeke, Erik Tysse og Therese Johaug. Og ser på korleis antidopingarbeidet har lært av desse sakene. Sigmund Loland ser også på framtida til antidopingarbeidet og kva slags utfordringar som vil dukke opp i dei neste 50 åra.

ANTIDOPING-PODDEN
finner du her og alle andre steder du lyttet til podkast.