Meld deg på nasjonalt seminar

Vil du ha påfyll og kunnskap om førebyggande arbeid mot doping? 24.november er det igjen klart for det årlege nasjonale folkehelseseminaret.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
187 Jan Ole Hesselberg foto Stian 13112017
Årets nasjonale seminar blir arrangert på Clarion Hotell Bergen Airport 24.november.

Etter fjorårets heildigitale seminar er det ei glede å igjen kunne invitere deg til eit fysisk nasjonalt seminar.

24.november blir folkehelseseminaret frå Antidoping Norge for fyrste gong arrangert i Bergen.

Jobbar du med antidoping eller møter på problemstillingar rundt dopingbruk i ditt daglege virke? Kanskje kjenner du på ein kjensle av å ikkje vite nok for å hjelpe. Doping og antidopingtematikk kan vere komplisert, og det kjem stadig nye problemstillingar.

Frå politiet stilte i fjor Hege Garberg Natland og Askel Rødland for å fortelje korleis dei jobba for å avsløre "Operasjon Hush" der det største dopingnettverket i Noreg blei rulla opp.

Årets seminar vil gje deg kunnskap om doping, haldningar, konsekvensar og trender i tida. Me i Antidoping Norge og føredragshaldarane me hentar inn, vil også ta for oss korleis me saman kan drive forebyggande arbeid på best mogleg måte.

Ambisjonen vår er at det nasjonale seminaret skal vere eit viktig møtepunkt for heile landet der ein kan møtast på tvers av yrkesgrupper.

Meld deg på her: https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=23J6ZSC9SNCP

Påmeldingsfrist: 17.11.2021

Stad/tid: Clarion Hotell Bergen Airport frå kl. 09:00-15:30

Detaljert program med tidsplan kjem om 3-4 veker.