Auka tilskot til Antidoping Norge: – Gjer ein forskjell både nasjonalt og internasjonalt

– Antidoping Norge er ein kraftfull stemme på den internasjonale antidopingarenaen som gjer ein forskjell både nasjonalt og internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Trettebergstuen 1
Dagleg leiar Anders Solheim, nestleiar i styret til Antidoping Norge, Siri Beate Hatlen og kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Kultur - og likestillingsdepartementet offentleggjorde i dag at regjeringa aukar tilskotet til Antidoping Norge i 2023.

Tildeldinga er på 42,5 millionar kroner frå speloverskotet til Norsk Tipping. Det er to millioner kroner meir enn i 2022.

Flott å sjå at regjeringa prioriterer antidoping

– Det er flott at ministeren legg vekt på å ha eit godt antidopingarbeid og at dette arbeidet blir prioritert. Slik kan vi halde fram og utvikle oss enda meir for å sikre ein rein og rettferdig idrett både på breidde- og toppnivå, seier dagleg leiar Anders Solheim.

Kultur- og likestillingsminister, Anette Trettebergstuen, legg vekt på den jobben Antidoping Norge også gjer internasjonalt.

– Ein rein og dopingfri idrett er viktig for å sikre like konkurransevilkår, og at juksarane skal bli avslørt og tatt. Antidoping Norge er ein kraftfull stemme på den internasjonale antidopingarenaen som gjer ein forskjell både nasjonalt og internasjonalt, seier Trettebergstuen i ei pressemelding frå departementet.

Viktig posisjon internasjonalt

Der legg dei vekt på at regjeringa legg til rette for ADNO kan oppretthalde sin posisjon blant dei fremste antidopingorganisasjonane i verda.

– Eit velfungerande antidopingarbeid er ein føresetnad for at idretten kan leve opp til sine verdiar knytta til helse, ærlegheit og like moglegheiter for alle til å delta. Storleiken på tilskotet viser tydeleg prioriteringa vår av antidopingarbeidet, meiner kultur- og likestillingsministaren.