Antidoping-podden: – Naivt å tru at det er null doping på treningssenteret sitt

Kent Roger Engdal snakkar med alle på treningssenteret sitt om doping. Sjølv om han ikkje har mistanke om dopingbruk.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Spenst Førde 2
Prosjektkonsulent i ADNO, Kaja Haugen besøkte Spenst Førde og Kent Roger Engdal tidlegare i haust.

– Det er jo dumt å sjå ut som ein tøff amerikansk sportsbil, om ein på innsida har ein motor på høgde med ein Lada.

Kent Roger Engdal fortel om korleis han snakkar med ungdomane på treningssenteret sitt. Han er dagleg leiar på Spenst Førde og har lenge vore svært oppteken av å jobbe forebyggande mot doping.

Gjennom heile året tek han medlemmer inn til samtaler. Både dei han har mistanke til kan bruke dopingmidler og dei han ikkje trur har vurdert det.

Ennå.

– 80 prosent har eg ikkje mistanke til, men eg ser på det som forebyggande samtaler. Eg snakkar med forskjellige aldrar og med begge kjønn.

Høyr Antidoping-podden: Korleis snakke om doping på treningssenter?

Må bygge kunnskap og haldningar

Han spør for eksempel på kva dei tenkjer om kosttilskot, kva treningsapparat dei likar best og om det er styrketrening eller kondisjon dei er mest interesserte i.

– Det handlar om å bygge kunnskap og haldningar. Kanskje kan eg legge litt til i kunnskapssekken, forklarar han.

Før han starta på treningssenteret hadde Engdal fire år bak seg som sjukepleiar. Da såg han kor store konsekvensar dopingbruk kunne få.

– I Førde har me slite mykje lokalt med dopingproblem og som sjukepleiar såg eg kva doping kunne gjere med folk både psykisk og fysisk. Da eg begynte på treningssenteret ville eg gjere det me kunne for å forebygge, fortel Engdal.

Han fortel om korleis dei jobbar i vekas episode av Antidoping-podden. Spenst Førde er med som eit eksempel på eit "Rent senter" som gjer ein spesielt god jobb.

– Ein eldsjel

Prosjektkonsulent for Rent senter, Kaja Haugen, er også med i episoden.

– Kent Roger er ein eldsjel som verkeleg har brukt Rent senter-programmet. Han tar så mange samtaler og gjer det normalt å snakke om doping på senteret. Han for eksempel også trykka opp ein eigen T-skjorte der det står Antidoping-ansvarleg på ryggen, som han går med rundt på senteret. Det er slik me ynskjer at treningssenter skal jobbe, seier Haugen.

Ho meiner det er spesielt viktig at treningssenter jobbar forebyggande, fordi det er mange ungdomar som kjem dit etter å ha slutta i idretten.

– Det er mange som går frå idretten og blir interessert i styrketrening i ung alder. Det er kjempebra og treningssenter er ein viktig del av folkehelsa. Men da er det også veldig viktig at dei blir møtt med gode haldningar og eit sunt treningsmiljø på treningssenteret.

Rent Senter

Profilen treningssentert har er viktig

For Spenst Førde er det to ting som er viktige i det forebyggande arbeidet.

– Det eg synest er mest effektiv er profilen ein har på senteret og dei forebyggande samtalane eg har. På senteret vårt ynskjer me ein profil som gjer at alle føler seg velkomne, uansett hudfarge, kilo og korleis ein ser ut. Derfor er me veldig bevisste på kva slags bilder me deler i sosiale medium for eksempel, seier Engdal.

Sjølv om han meiner arbeidet deira har hatt gode effekt, meiner Engdal han ikkje kan tru at det ikkje foregår dopingbruk på senteret hans.

– Eg trur det er naivt av ein eigar av eit treningssenter uansett kor i Noreg, å tru at det er null doping på treningssenteret sitt. Eg trur nok det er ein del mørketal der ute. Akkurat nå er det nok medlemmer på treningssenter rundt om i landet som dopar seg.

Høyr meir om Rent senter-programmet og korleis Spenst Førde jobbar i Antidoping-podden her eller der du høyrer podkast.