Marte (31) har tatt over Dopingkontakten
Marte Ødegård trur Dopingkontakten har eit enormt potensiale. 1.januar tok ho over hovudansvaret for tenesten.

Dopingkontakten har i fleire år vore ein viktig kanal der unge kan stille spørsmål om doping, kroppspress og trening.
Under relanseringa i 2018 kom chattetenesten på plass. Nå har nytilsett rådgjevar i avdeling for folkehelse, Marte Ødegård tatt over hovudansvaret etter at Maha Kamran gav seg i haust.
– Det å kunne vere ein person som møter ungdom på ein god måte utan å dømme er viktig for meg. Dopingkontakten skal vere ein stad der ein møter eit medmenneske som vil ein godt. Dei skal også kunne vere trygge på at dei får kunnskapsbasert informasjon, seier Ødegård.
Skreiv master om kroppspress og sosiale medium
Sjølv kjem 31-åringen frå Romsdal frå jobb som miljøterapeut på ungdomsskule og i bydel. Utdanninga har ho frå Universitet i Sør-Øst, der ho tok ein master i førebyggande arbeid for barn og unge.
I masteroppgåva si skreiv Ødegård om sosiale medium, kroppsbilder og trening. Det var ein av grunnane til at utlysinga av stillinga som rådgjevar for folkehelse i Antidoping Norge trefte ho.
– Eg synest temaet er ekstremt spennande. Det er fascinerande å sjå korleis samfunnet har utvikla seg med sosiale medium og at mange vil vise kven dei er der gjennom kroppen. Det som kanskje overraska meg mest da eg jobba med oppgåva var kor mykje tid, energi og tankar ungdommane brukte på kroppen og korleis dei skulle framstille den i sosiale medium.
Nye opningstider
Nå har ho lagt bak seg dei fyrste månedane i jobben og hatt mange samtaler med unge som både brukar og vurderer å bruke doping på Dopingkontakten. Og tankane om korleis ein kan utvikle Dopingkontakten vidare er mange.
– Starten har vore veldig spennande og eg ser verkeleg kor enormt stort potensiale Dopingkontakten har. Eg håpar at me kan nå ut på enda fleire arenaer og plattformer framover, seier Ødegård.
Etter ei tid med avgrensa opningtid blir det nå lengre opningstider frå måndag 21.mars. Da vil chatten vere open frå 11-20 på måndagar, 11-16 på tysdagar og 11-20 på torsdagar.