Carl Fredrik Hagen: – Vil vise kor mykje hardt arbeid som skal til

For toppsyklist Carl Fredrik Hagen er det viktig å vere open om trening og alt han gjer i kvardagen for å bli best. Han har aldri tvilt på om det er mogleg å nå verdstoppen i sykkel utan doping.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
Facebook CFH
Høyr Antidoping-podden på Apple podcast, Spotify, Acast eller der du hører podkast.

Det er få som trenar meir i Noreg enn Carl Fredrik Hagen. Det er også få som er så opne om korleis dei trenar som toppsyklisten frå Oppegård.

1250 timar i året ligg 30-åringen på nå og nærmast alle timar blir loggført ut til alle som vil sjå på treningsappen Strava.

For Hagen er det noko heilt anna enn å skryte.

Vil vere open

– Openheit om kva ein gjer for å komme dit ein er, er viktig for meg. Eg ynskjer å vise kor mykje jobb som blir lagt ned for å vere på et høgt nivå. Det er ikkje berre solskin, palmar og strandpromenader. Det er eigentleg veldig få dagar som er slik, smiler han lurt i podkastrommet til Antidoping Norge.

Carl Fredrik Hagen i Antidoping-podden

Ingen nordmann har prestert betre i dei tre største etapperitta i sykkelsporten enn vekas gjest i Antidoping-podden. I 2019 blei Carl Fredrik Hagen nummer 8 samanlagt i Vuelta Espana. Vegen til toppen er også svært oppsiktsvekkande.

I ungdomen dreiv han med fleire forskjellige kondisjonsidrettar, men ikkje landevegssykkel. Satsinga på idretten han nærmar seg den absolutte verdstoppen i, starta ikkje før i 20-åra.

Aldri blitt skulda for doping

Mange som har ein uvanleg veg mot toppen, der konkurrentar og interesserte opplever at utøvaren kjem frå "intet", opplever å få dopingskuldingar mot seg.

– Sjølv har eg aldri opplevd at nokon har mistenkt meg. Det er eg jo glad for å sleppe. Om det er folk som har tenkt det inne i seg, er jo ikkje det heilt unaturleg med tanke på vegen eg har hatt. Men det er ein av grunnane til at det har vore viktig for meg å dele kva eg har gjort for å kome dit eg er. For meg er det viktig å opplyse unge utøvarar og andre som drømmer om å nå langt. Det er kun hardt arbeid som gjeld.

– Har du nokon gong tvilt på at det er mogleg å nå toppen utan doping?

– Aldri. Eg har tenkt at det er fullt mogleg. Må innrømme at eg har brukt veldig lite energi på å tenkje på kva andre gjer. Sjølvsagt blir det altfor naivt å tru at alle rundt deg i feltet er reine. Men skal ein begynne å tenkje på det, blir ein gæren i hovudet, meiner Hagen.

Sykkelsporten gjekk gjennom ei lang rekkje av dopingskandalar på slutten av 90-talet og starten av 2000-talet. Festina-skandalen, Lance Armstrong, Operasjon Puerto, det er mange namn og saker å ta av. Hagen var i tenåra og hadde ikkje begynt å drøyme om topplasseringar i Tour de France.

Det er han glad for i dag.

Var ikkje sykkelinteressert

– Eg var eigentleg ikkje interessert i sykkel da. Kanskje det eigentleg var bra. Det er nok fort å miste interessa når dei beste blir tatt som juksemakarar. Sykkel, bloddoping og juks var jo synonymt på den tida. Heldigvis har sykkelsporten tatt eit oppgjer med fortida si, fortel Hagen i Antidoping-podden.

Korleis merkar dagens toppsyklistar at sykkelsporten faktisk har tatt eit oppgjer?

Høyr Hagen fortelje om antidopingkontraktar, testing i dei store etapperitta og kva han tenkte da han fekk beskjed at ein lagkamerat hadde avgitt positiv dopingprøve, i Antidoping-podden her, eller der du høyrer podkast.