Emilie vann ADNOs studentpris for oppgåve om para-utøvarar og doping

Kva slags haldningar har unge para-utøvarar til prestasjonsfremmende midlar? Det ville Emilie Kvisgaard Kristiansen finne ut. Nå har ho fått ADNOs studentpris 2022.

Emilie Kvisgaard Kristiansen. Profilbilde
Emilie Kvisgaard Kristiansen blir tildelt 20.000,- for masteroppgåva si.

– Dette er skikkeleg stas. Å få ei slik anerkjenning frå dei som jobbar på området og at oppgåva mi kan bety noko for andre, smiler Kristiansen.

Ho har akkurat presentert oppgåva si for dei tilsette i ADNO på Ullevaal stadion. Det er tydeleg at dette er eit tema ho er skikkeleg engasjert i.

Kombinerte to interessefelt

Heilt frå det fyrste året med idrettsstudier på Høgskolen i Innlandet har doping vore eit tema Kristiansen har vore spesielt interessert i. Da kom ADNO for å halde foredrag for dei ferske studentane og Emilie forstod at dette ville ho dykke meir inn i.

Etter kvart skjedde det same med para-idrett.

– Derfor var det veldig spennende å kunne kombinere dei to felta eg har blitt så interessert i, i masteroppgåva. Spesielt sidan det finst så lite forskning rundt parautøvarar og prestasjonsfremmande midlar, seier Kristiansen som avslutta mastergraden i idrettsvitenskap, kultur og samfunn i vår.

Nå jobbar ho som paraidrettskonsulent i Norges bryteforbund, Norges bokseforbund og Norges kampsportforbund.

Den tidlegare NIH-studenten presenterer oppgåva for dei tilsette i ADNO.

Treng meir kunnskap

Under presentasjonen fortalte Kristiansen om korleis ho hadde jobba og presenterte hovudfunnene frå oppgåva.

Utøvarane har ofte lite kunnskap, fortalte Kristiansen.

– Dei har varierande kunnskap, men fleire av utøvarane eg har intervjua i oppgåva uttrykker ynskje om meir kunnskap om antidoping og regelverk. Samtidig føler mange at det er irrelevant for dei.

Dei meiner også det er lite kommunikasjon om prestasjonsfremmande midlar til para-utøvarar. Spesielt om medisinsk fritak er det behov for meir kommunikasjon og kunnskap, kom det fram under presentasjonen.

Viktig informasjon for ADNO

Forskningssjef Fredrik Lauritzen meiner oppgåva er svært interessant og er eit viktig tema for ADNO å få innsikt i.

– Dette er eit tema me treng meir kunnskap om. For oss er det viktig å bruke funnene i opppgåva for å sjå korleis me betre kan nå ut til parautøvarane våre, seier Lauritzen.

Maren Edland fekk også ADNOs studentpris for bacheloroppgåva si ved Norges idrettshøgskole.


I tillegg til prisen på 20.000,- til Kristiansen, går ADNOs studentpris også til to bacheloroppgåver.

Maren Edland ved Norges idrettshøgskole og Andreas M.A ved Politihøgskolen får begge 10.000,- for sine bacheloroppgåver.

Edland undersøkte risikofaktorar og forebyggande faktorar for om utøvarar begynner med prestasjonsfremmande midlar eller ikkje.

Andreas M.A tok for seg problematikken med at den gjennomsnittlege brukaren av dopingmidlar er i kontinuerleg endring, medan lovverket for å avdekke doping ikkje er endra.