Brettforbundet blei sertifisert: – Viktig å vise at me tar eit standpunkt

Nok eit særforbund er klare for å utdanne gode rollemodeller og sette antidoping på agendaen. Brettforbundet er landets 52 Rene Særforbund.

Halvor 166 sh nett7 190502 101837
Av Halvor H. ByfuglienKommunikasjonsleder
IMG 0846 red
Generalsekretær Bijora Sardarian gliste breidt etter å ha mottatt Rent Særforbund-plaketten.

– Endeleg!

Ordet gjekk igjen blant leiinga i Brettforbundet i lokala på Torshov onsdag kveld. Endeleg var dei samla ein stor gjeng og endeleg var tida inne for å få plaketten som Rent Særforbund.

Ungt særforbund

– Eg tenker det er kjempeviktig. Me er eit nytt forbund, som har tatt skateboard og surf inn i idretten. Det er viktig å vise at me tar eit standpunkt og tek antidoping alvorleg, seier Henning Braaten, leiar for skateboard i forbundet.

Henning Braaten og Sondre Hylland meiner det er viktig at eit forbund som Brettforbundet med store kommersielle interesser utdannar utøvarane til å bli gode førebilde.


Kva er Rent Særforbund?

Snowboardforbundet tok skateboard og surfing inn under vingene i 2018 og blei til Brettforbundet. Onsdag kveld var dei endeleg samla til fysisk styremøte og Antidoping Norge fekk æra av å starte møte med overrekking av plaketten som viser at dei er landets 52 særforbund med tittelen Rent Særforbund.

– Dette er veldig stas. Denne blir fint å få sette opp her, gliser generalsekretær Bijora Sardarian etter å ha tatt i mot plaketten.

Alle må gjennom Ren Utøver

Nå er handlingsplanen klar og leiinga er klar på at alle som tek del i dei tre idrettane vil få merke samarbeidet med Antidoping Norge.

Me vil utdanne alle som skal konkurrere og delta i sportane våre. Men også trenarar og andre involverte skal gjennom Ren Utøver. Det er ein god måte å spreie bodskapet på, seier Braaten.

– Er det noko som er spesielt viktig for dei idrettane dykkar å fokusere på med tanke på antidoping?

– Me er veldig på at ein skal ete sunt, trene og ta vare på kroppen som ein heilskap. Det er viktig at me er tydelege og har gode rollemodeller som fremmer rein og fair idrett, seier Sondre Hylland, prosjektleiar for marknad, anlegg og event og legg til:

– Det er tre store kommersielle idrettar, der mange kan ha forskjellige interesser i idrettene våre. Derfor er det veldig viktig at me lærer opp kva som er riktig og fornuftig inntak i kroppen.

Vil du ha meir informasjon om Rent Særforbund? Ta kontakt med Anne Margrethe Hausken Nordberg.